Det er mange ting som fascinerer meg i naturen, og ikkje minst det å kome til eit hus som er forlatt av mennesker og der naturen tek over både husarbeid og gartnarjobben.
Ikkje så ofte eg finn den slags i nærleiken av der eg bur, men ved å ta nokre små forflyttningar så er det muligheter.
Det var meldt "ekstrem nordlysaktivitet" her ein kveld. Eg såg det litt seint, men hadde nokre planar i hovudet om slikt skulle skje :)
Lyset var bra, men stort sett grønt. Det kunne vore meir klart i lufta og der eg hadde tenkt meg var det rikeleg med vind. Men det vart nokre bilder både av det eine og det andre og dette bildet, med relativt lite nordlys, men med både månen og reflekterande lampelys, vert mitt bidrag denne veka :)
We can only appreciate the miracle of a sunrise if we have waited in the darkness.
Suverent godt sagt for oss som er van med slike situasjonar og kjenner oss så godt igjen. Slik kan vi vel også illustrere situasjonen om kvelden, mot natt. Her eit lite knippe bilder som illustrerer litt av mangfaldet av fargevalørar slike stunder kan gi.
Steve McCurry har ein veldig flott blogg. Han har eit innlegg med lik tittel som meg, der det er mange gode sitat - og mykje bra bilder :)